lørdag 19. desember 2009

Herlige hyrdar

Hyrdedraktene eg sydde fell absolutt i smak. Gutane var supernøgde! 


Tante Mette og Onkel Rune ville sjå biletet, så her kjem dei. 
Sander sto i andre rekka så han fekk eg ikkje heilbilete av. Dei hadde to replikkar kvar og var kjempeflinke!

Med desse bileta ser eg endå ein god grunn til å ynskje meg ei ny linse til jul.
Dermed sender eg eit lite hint til Bonden;
ei 18-200 linse med stabelisator må meir enn gjerne ligge under juletreet vårt i år.

Det ser vitterlig ut som jula blir kvit i år!!!!!
Det har faktisk komt så mykje at besten har sett snøfresaren på traktoren.   Herlig!
Så no håpar vi på at det anten kjem meir snø eller at kuldegradene held seg.

Ynskjer alle ei kvit helg!

1 kommentar:

  1. Synes det var veldig stemningsfulle bilder,selv uten 18-200 linsa!Nydelige små hyrder,og herlig innlegg!
    Janne

    SvarSlett