søndag 24. januar 2010

Nye puter og pai

Eg sydde meg eit par nye puter i går.
Fargen heiter østers i fylje lappen og passa perfekt heime hjå meg.
Stoffet gjekk eg meg på ved ei tilfeldigheit tidligare i veka, mønsteret er velour og botnen er skimmeraktig. Kjempefint! 70 kr for ei prøvehøgd, ca 2 m stoff! Kjøpte også ei høgd i same fargane men med striper.

Stupte ein tur i frysaren tidligare i dag. Å jøyje meg! Konklusjon; vi skal inn i ei ete-ut-av-frysaren-periode! Blandt anna fann eg ein heimelaga pizza som blir kjapp middag i morgon før vi skal på ski. Så tok eg opp ein pakke rabarbra og laga pai. Det vart dagens kveldskos.  
Oppskrifta er superenkel og kjapp. Ingen forsteiking av botnen.
125 gr smør
125 gr sukker
250 gr kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
1 egg
litt melk

Eg brukar handmiksar til denne deiga. Rør saman smør og sukker til det blir litt kvitt, ha i resten. Deiga skal vere mjuk slik at den akkurat ikkje er klisjete. Smør ei piaform og trykk deiga utover. Ha i det bær eller frukt du måtte ynskje. Tips: eple med sukker og kanel, rabarbra med sukker, bjørnebær, blåbær, rips, skogsbær-blanding.

Dekk frukt/bær med vaniljekrem.
Tine fergig vaniljekrem fungerar fint, men 1 pk blir litt lite tykjer eg. Eg kokte vaniljekrem av Bird`s Custard, enkel og god.

Steikast på 200 grader i ca 30 min.
Den toler godt ein tur i frysaren, kjekt å ha på lur...
Berre ikkje bli for lur då vert det ei stund til den kjem oppatt ;o)


7 kommentarer:

  1. Åh, de putene var lekre!! Den paisen så også nydelig ut, har en del rabarbrasyltetøy i frysern, kanskje det blir pai her til uka også? :)

    SvarSlett
  2. Lekre puter du har sydd deg....og den paien så jo ikke vond ut:)
    Ha en fin mandag
    klemmer

    SvarSlett
  3. Mmmmm, den så god ut :)
    Og putene var jo kjempe fine ♥

    Ha en nydelig kveld:)
    Klem Tina

    SvarSlett
  4. Den paien skal jeg prøve! Den så bare sykt god ut :-) Dette blir helgekos hos oss, tror jeg.

    Fine puter - nå må jeg bli venn med symaskinen snart.. sukk.. overstigelig å gjøre opp med den altså! ;-)

    SvarSlett
  5. Takk for at du blir med på trekningen min!! Paien ser nydelig ut og jeg likte stoffet på putene dine!!
    klem

    SvarSlett
  6. Lekre puter!! liker godt slike stoff hvor deler av det stikker lenger ut, blir litt tredimensjonal effekt.. Hvor fikk u tak i så fint stoff? Jeg kjenner meg SÅ igjen med frysern. Har samme mål som du nå, spise meg nedover, så jeg snart kan fylle opp med ferske ting.. Koselig du kjøpte lodd hos meg:-)

    SvarSlett