onsdag 6. januar 2010

På hell

I dag er det 13.-dag jul og jula skal endelig ut. Eg brukar ikkje vere så sein, 1. nyttårsdag brukar eigentleg å vere grensa for mine juletre, men i år nekta Bonden (?) Nei, han ville ha jula ei stund til. Okey....men i dag er det altså ingen nåde. I ettermiddag skal det ut! Amaryllisen min er heller ikkje einig i at jula er ferdig. Den står der å blomstrar med 5 nydelige roser.

Eg kjenner at eg tykkjer det er godt å kome i gong att. Det er kos med jula, men litt travelt også. Farting hit og dit i tillegg til at førebuinga både heime å på jobb vart meir stress enn eg hadde forventa.  No går tempoet ned og eg kjenner den kreative lysta kjem tilbake. Deilig!

Det er fryktelig kaldt her om dagane. Så kaldt at varmepumpa kobla ut i går kveld, den koblar ut på -18 grader. Dermed vart det døgnfyring, heldigvis starta den i løpet av natta då temperaturen nærma seg -10 i staden for -20...

Heklekroken er leita fram, måtte berre prøve noko. Trur at det funka, men tråden var for tynn så i dag skal eg kjøpe ny tråd. Om resultatet vert slik eg ynskjer blir det kanskje ei gåve i GiveAway`en min...?

Ynskjer alle ein fin dag!


1 kommentar:

  1. Hos meg henger jula litt igjen... ;)

    Til spørsmålet om sokkene mine: Ja, jeg tenkte å dele mønster. Det er ikke så lenge til før jeg legger det ut nå. (Har endelig funnet ut hvordan jeg kan legge ut PDF, tror det skal gå bra nå.) Men jeg liker å veksle mellom hobby-innlegg og innlegg til ettertanke, og nå har det vært så mye hobby at jeg gjerne vil dele noen tanker først. Men snart kommer sokkemønsteret... :)

    SvarSlett