onsdag 25. mars 2009

Påske-korg

Eg tenkte at eg skulle prøve å hekle ei Påske-høne àla dei strikka hønene som "alle" har, men eg skjønte fort at den eventuelle høna eg hadde lagt opp til ville bli gigantisk! Ikkje hadde eg nok tråd heller...
Så det vart ei tova egg-korg. Tenkte at til våre "idylliske" Påske-frokostar med heile familien samla rundt frokostbordet med kokt egg og lys på bordet ville denne halde egga varme litt lenger. Du ser det for deg ikkje sant? *ler*
Eg har fylt den med "kylling-egg" for demonstrasjon. For den som ikkje veit kva kylling-egg er, så er det små små egg uten plomme.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar