onsdag 25. mars 2009

Pakke i posten

Eg ringte til Live In Interiør i Ålesund for å høre om ho hadde fleire av lattekoppane frå Green Gate, som eg ikkje kjøpte sist eg var der. Det hadde ho, ein raud og tre mønstra. Eg spurte med mi blidaste stemme om ho hadde anledning å sende. Det var noko dei vanligvis ikkje gjorde, men det skulle gå greit! Og i dag kom pakken! Hurra for landpostbud!Same mønster som på mugga eg kjøpte i Bergen, det mønsteret er utgått så eg var kjempeheldig!

Må berre skryte litt... Eg er over meg sjøl av nøgdheit i dag! Hm, det var eit nytt uttrykk...

Eg rettar ei stor takk til dama på Live In i Ålesund, ein blome til deg Kvar gong er er i Ålesund, det er ikkje for ofte, er eg innom denne butikken og eg handlar ALLTID! Den er vel verdt eit besøk om du er i "Bya" en dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar