mandag 16. mars 2009

Enda eit sitteunderlag

Måtte prøve den nye heklekroken min. Resultatet vart dette tova sitteunderlaget i litt meir "gutete" fargar enn dei andre vi har. Med fire gutar og kun ei jente(?!) i hus er det vel kanskje ikkje så dumt...

Hekla 23 runder med krok nr 6.

Ville prøve å auke litt mindre enn forrige gong, så denne gongen auka eg ikkje på runde nr 10, 12, 14, 16, 18, 20 og 22. Det vart ikkje "bølgete", men kanskje litt få stavar pr sirkel etterkvart. Tova det først på 40 grader med 1200 omdr, det var ikkje nok. Deretter på 60 grader med 1200 omdr. Mykje bedre. Men pga at det er litt få stavar pr sirkel vart det litt tynnare enn dei andre. Då har eg ihvertfall fått testa ut aukinga. Konklusjon; ein gyllen middelvei...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar