mandag 9. mars 2009

Sitteunderlag

Eg hekla eit sitteunderlag etter mønstra på dei runde gryteklutane.
Bilde før toving. Eg brukte nål nr 4,5 og tråd frå Europris.
Eg hekla 22 ringar, kunne nok ha våre litt større. Om eg skal lage fleire vil eg nok ikkje auke på kvar omgomg slik som eg har gjort her. Ca etter 10-11 runde e det sikkert nok å auke på annakvar runde. Tova det først ein gong på 40 grader med 800 omdr. sentrefuge, då vart det litt lite tova synest eg. Tova det ein gong til ilag med det rutete sitteunderlaget, denne gongen også på 40 grader med 1200 omdr. då vart ej førnøgd med resultatet.
Og slik blei dei. Det rutete er av nokre strikka ruter eg hadde liggande som eg nok hadde tenkt til et prosjekt en gong... Fann dei innerst bakerst i tråd-skapet mitt... Så i går monterte eg dei saman og hekla den lilla kanten rundt. Det vart god størrelse, og Sander har hatt det med seg på skidag på Bondalseidet i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar