søndag 14. juni 2009

CatY

Mi gode veninne, Cathrine, har hatt ein hemmelegheit. Ho ei ein tusenkunstnar som styrer med alt mulig og no har ho laga seg si eiga bedrift. Klemerke CatY.
Ho syr kjolar, skjørt, vesker og alt anna einkvann kan ha lyst på. Ho syr opp for sal, men lagar òg på bestilling og målsaum. Ho er utdanna blomsterdekoratør, men har òg gått skule for saum og vev.
Ei skikkelig kreativ og humørfylt dame!
Klikk på bileta for å kome til CatY.

For å få litt blest om seg sjølv har ho laga til ei trekning av to flotte vesker ho har laga. Linken ligg på bloggen min oppe til venstre.

Lykke til Cathrine!

1 kommentar:

  1. Kor kjekke du e!!! Og pass opp for plutselig dukka ej opp for å få svele med jorbær og rabarbra. Mmmm, kjenne lukta heilt hit!!!

    SvarSlett