fredag 19. juni 2009

Pappa 55 år

Min Pappa har bursdag i dag, 55 år! Gratulere så mykje med dagen! Då Bonden er i våronn modus måtte jubilanten kome hit på kaffi og kake. Eg laga ei nydelig Gulrotkake (tusen takk for oppskrifta Målfrid) og Mamma laga ei Kremkake. Den rakk eg ikkje å ta bilete før nokon hadde kasta seg over den.
Koselig med bursdag. Det er vel mest for gutane eigentlig og at dei skal få gi Morfar ein pakke. Han fikk ein "Alligator"-grønsakskutter og fire nye slukar. Han vart særs nøgd :o)
*
Ellers har det blitt lite blogging denne veka...ingenting... Har vore så travelt oppteken med forskjellig... I går var eg på jobb på Gjestehuset på kvelden i tillegg til vanlig jobb på dagen, begynner å bli litt gamal for slikt...puh...
Eg har også eit par prosjekt i hovundet som eg kjem tilbake til litt seinare...he he gledar meg!
*
Då posten ikkje vart henta i går, pga tidsmangel..., vart det dobbel lykke på meg i dag.
Desse skal eg kose meg med i kveld :o)
I morgon vert det fotballturnering på dei to minste så då skal vi stå på sidelinja å heie høgt.
Heia Sæbø!
På kvelden er vi invitert til Raudøya i 70-års lag (35+35 he he ) til Cathrine og Narve.
Det har vi gleda oss til lenge så det vert sikkert veldig kjekt!
Ha ei flott helg alle saman!

2 kommentarer:

  1. koselig blogg du har, la meg som følger :O) . De svelene så gode ut..hmmmm. Ta gjerne en titt innom hos meg og , alltid gøy med kommentarer;O)

    SvarSlett