onsdag 12. august 2009

To fotöljer och en soffa

I mangel på nyvinningar og fullførte prosjekt vil eg fortelje historia om Gullsalongen min. To fotöljer och en soffa...For eit par år sidan ferierte vi i Munkedal i Sverige. Det er ikkje langt mellom Loppisane langs den svenske vestkysten og I love it! I Munkedal er der to. Eg var på jakt etter ein liten klumpete "lese avisa"-stol. På Jille`s sto denne salongen å venta på meg. Eg fell pladask! Men eg hadde knappast plass til den eine stolen heime...på langt nær ein heil salong. Rekleinarane vi hadde på stova selde eg pr SMS, og vips...PLASS! Men sjøl med ein Chrystler Grand Voyager hadde eg inga muligheit til å få den med heim uansett... Eg stua bilen etter beste evne og kjøpte stolane...for 1500 sek. Men den sofaen som sto att heilt åleine på butikken kunne ikkje forlate hovudet mitt... Ei veke etter at vi var komt heim frå ferie lånte eg varebilen til Pappa, fikk med meg ei veninne å kjørte nedover å kjøpte sofaen også...for 500 sek. I tillegg fekk eg med meg eit passande bord og nydelig lampe. Bordet kosta 500 norske og lampa 420 svenske. Lampebordet har eg kjøpt på Italien House. Er eigentlig ingen stor Begonia-fan, men denne er berre nydelig! På veg heim stoppa vi på Nordby og på Indiska kjøpte eg kuppelen til lampa som heng over bordet. Kuppelen kosta 498 svenske, pæreholdar og lampeledning ein knapp hundrelapp.
Ein kjapp fantastisk tur med kupp etter kupp for min del :o) Om nokon vil vere med gjer eg det gjerne igjenn ;o)

3 kommentarer:

  1. Salongen din e rålekker, men eg kan ikkje seie noko anna enn at du er gala... Det er ingen som kjøper ein heil salong på ferie Tonje.

    hi hi hi... ej blir med neste gong

    SvarSlett
  2. Takk for koselig kommentar på bloggen min ;o)

    Stilig salong som kler stua di godt.
    Det er gøy når man gjør kupp på kupp, slik du gjorde.
    og litt gal må man være ellers oppstår ikke artige historier som dette. ;o)

    God natt fra ei anna gal jente

    SvarSlett
  3. Ja, va'kje det eit fantastisk funn for dej, så veit ej ikkje!! Og den er sånn perfekt gammelgod å sitte i også. Og altfor lenge sida ej he sotte der og drokke vin ;) Klem
    (Ps, ej fekk ein super forespørsel akkurat!)

    SvarSlett