onsdag 1. april 2009

Oldemor-pute

Eg falt pladask for ei pute eg såg i dette innlegget i bloggen til Synnøve`s Lille Maison
Dermed hekla eg ei til meg sjøl. Hennar pute var hekla i ull, men eg ville ha bomull. Eg har brukt dobbel Cotton frå Stoff og Stil og nål nr 4. Ein deilig fargeklatt på vårparten. Ikkje akkurat "mine" fargar, men fin likavel.

Prøvde å ta bilder fleire plassar for å få fram dei fine fargane.

Den passa godt på divanen i gangen, harmonera med den lilla fargen eg har mala på veggane. Det var gratis maling... Fargen heiter TREND S2010-R50B.

Nokon som har ei lita prinsesse som vil ha seg lilla rom? Eg har IHVERTFALL 10 liter til overs...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar