tirsdag 21. april 2009

Nye glas og litt anna...

Då eg fortalte Mamma at eg hadde kjøpt Norges-glas på bruktbutikken, datt haka og kommentaren var; "herregud!" Då kunne ho fortelle meg at ho hadde fleire slike i buda. Fint, svarte eg, då skal eg ha dei også. Ho hadde eit lite utval og eg tok ikkje alle (kankje ein annan dag...) Var ikkje det minste glaset fint? Eit slikt har eg ikkje sett før, og no har eg eit! Tusen takk!
Dermed har eg fem nye glas til samlinga mi. Veit ikkje heilt kva eg skal bruka alle glasa til enno, meeeeen det gjer ingenting.... Dei verte nok ikkje ståande tomme lenge.
Sander hadde så lyst å grille, så då vart det kveldsmat ute.
Årets første grilling på platten heime. Fint Vèr, men vinden verte brått kaldare når sola gjeng ned, så då måtte vi fram med pledd og hue. Det var ihvertfall veldig koselig og pølsene forsvann på eit blunk!
Kjøpte denne til helga, men vart, av ein mystisk grunn, ikkje opna... Måtte derfor prøvesmake litt i kveld. Hadde til slutt ete halve sjokoladen... Litt merkelig, men god.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar