lørdag 25. april 2009

Kvar blir alle gevira av...?

Det spørsmåle diskuterte eg og Mamma her om dagen. Då Hjorten fell geviret kvart år skulle dei vel i teorien ligge mest "overalt" meinte då vi. Endå ein gong kom vi til at teori og praksis ofte ikkje heng saman...
Men kva er det Bonden neste kjøyrer på når han gjødlar eine marka i dag? Jau, dette:

Eit flott eksemplar av eit halvt gevir! Faktisk midt på marka låg det, så kanskje teorien ikkje er så dum likavel. Eg skal ihverfall ha meg ein ekstra tur opp i skogen. Men det må bli etter at Sitronkaka mi er ferdig steikt.

Dette geviret tenkte eg å henge opp på Sølve sitt rom. Han kan trenge nokre store knaggar til cowboyhattane og arbeidshjemane sine Han har ikkje sett der enno, men eg trur han blir glad.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar