torsdag 2. april 2009

Sander 8 år! HURRA!

Guten bestilte fotball-kake, og taco til middag. Eg laga liksågodt middag til heile gjengen. Mormor og Morfar kom, Besta og Besten og Onkel Per.
Vi har ei liten tradisjon på dette med bursdagar, og det er at pakken (pakkane) står på stova når bursdagsbarnet står opp om morgonen. Her står dei klare... Ein overlykkelig gut vakna ca kl 6 i dag... Klar til dyst
Må lese kortet først...
"Den største pakken skal eg spare til slutt" Nye sko...T-skjorte...Film...Heimelaga ispinnesett... Så glad! Men kva er dette?? Nei...nei... JAAAAAAAA!!!!!
Denne har han meir eller mindre sikla på sidan i fjor sommar så jett om han vart glad!?!
Sjøl om han er litt sjuk har han smilt frå øyre til øyre i heile dag. Å vere heime frå skulen var ikkje eit alternativ eingong sjøl om han gjerne kunne tenke seg å begynne å bygge den nye ferga.
No gledar han seg til laurdag og kompis-selskap. Då vi skal ha uteselskap har vi bestilt fint vèr, så vi får no sjå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar