lørdag 18. april 2009

Sommarferie!

Då var ferien for 2009 bestilt!
Til ungane si store begeistring skal vi hit

Nei, vi skal ikkje til Bergen slik som det muligens kan sjå ut som med fyrste augnebling. Vi skal til LEGOLAND 2-dagarsbillett med overnatting i Hotel LEGOLAND. Toppen av lykke! Danmark er eit interiørmekka for slike som meg, toppen av lykke for fleire

Vidare har vi bestilt ei veke på denne campingplassen i Trelde Næs ved Fredericia.

Her verte det bading...

Meir bading...

Leiking...

og selvfølgelig mykje meir. Trur dette blir bra.

Vi skal kjøyre(!) heim, gjennom Sverige. Det er langt, ca 130 mil, men vi har god tid. Mulig at mor har lyst på shopping i København... då må vi overnatte... Loffe oss opp gjennom kysten av Sverige, loppisane på rad å rekke Vi skal vel ha ei overnatting ein plass langs den svenske kysten. Veit ikkje heilt kvar det kan verte enno, muligens rundt Gøteborg for ein pit stop i Liseberg? Eit stopp på Nordby må vel og ha, for tredje år på rad. He he.

Gode tips til kva vi bør sjå og gjere takast imot med stor takk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar