lørdag 4. april 2009

Bursdagsselskap

Ruben kom, og klatra rett til topps Vèret kom som bestilt! HURRA! Ein super dag å ha utebursdag på. Vi heldt til nede på den gamle skulen, der er god plass og mykje å leike med.
Litt mat...
Det gjekk med 24 skillingsbollar, ca 20 muffins, 2 pk pølser, 1 pk Marsmellows. Dei var nok meir opptatt av å leike.
Drikke...
Då mine ikkje er så glade i brus, blei saft. Blåbær- og bringebær-saft med ekstra konditorfarge. Suksess! Det gjekk med ca 6 liter til 12 born!
Vi lånte bålpanna til Mormor og Morfar der det vart spidda pølser og Marsmellows.
Utrulig kor mykje kjekk leik ei dyretransportkasse kan generere...
Synne lurte på korleis det var å vere blink, konklusjon: litt skremande.
Sander har hatt ein så super dag! Med stortsett alle venane sine på besøk hadde han nesten ikkje tid til verken mat eller gåver. I ettermiddag har han bygd ferdig nesten alt. Trur nok det blir ein tur til leikebutikken på måndag for å bruke litt bursdagspengar, meir Lego...?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar