søndag 12. april 2009

Lys-decoupage

Eg såg ein artig teknikk på Tine`s Kreative Hjørne sin blogg. Ho hadde fått ideen får ein kunde i butikken sin.

Og slik vart dei, kjempefine sant?

Eg tok nokre kremfarga vaniljelys som eg hadde ståande, nokre søte lyserosa serviettar med rosemønster og strykejarnet eg kjøpte på "Brukten". Prøvde meg litt fram med varmen, det bør ikkje vere noko varmare enn ein halv prikk. Bruk kun det ytterste laget på servietten legg det rundt lyset, klipp til og stryk i veg.

Kjempe lett! Kjem nok ikkje til å kjøpe fleire dyre lys her i huset. Kvite lys på Nille e.l. duge lenge. Dermed kan eg få akkurat den utsjånaden på lysa eg vil ha.

2 kommentarer:

  1. Flott tips :) Dette skal jeg og gjøre...

    SvarSlett
  2. La du matpapir oppå lyset før du brukte strykejernet? Eg har og gjort dette. Eg tenkte det var ein fin og dekorativ ting å leggje ved jule presangen i år. Eg har og høyrt at ein kan gjere dette med bileter. Det ein gjere då er å printe ut eit fint bileteav nokon ein er glad i eler liknande. Deretter kopierar ein dette i kopimaskin, teip kvitt silkepapir på arket før du legg det i kopimaskinen. Vips,no kan ein lage lys med bilete av borna sine eller din kjære på. Stilig julepresang,spør du meg.

    SvarSlett